Mål for turen:
- Bli trygg på egen ferdighet med klatring på led på borebolter
- Oppfølging og veiledning av medstudenter på klatrefeltet
- Lærerike studenttema (eksamensforberedelse)
- Individuell oppfølging på egne mål med oppholdet i Frankrike
- Bli kjent med ulike kommersielle måter å legge opp klatrevirksomhet
- Opplevelse
Forventingar
Forventingane er enorme, eg ser fram til ei mengde utfordringar i klatreveggen og generellt mykje klatring. Pakkinga er unnagjort og baggasjen er passe tung. Det er i underkant av seks timar til avreise fra Sogndal, då bær det til Toten for ein matbit hos familien til Daria og så til Gardermoen. Vi kjem til Nice ikveld og har booka plass og bu for to netter før det er oppmøte på flyplassen og resten av klassa kjem flygande.
No må eg få eit par timar søvn før tre fantastiske veker i Frankrike! Gler meg som ein unge..
fredag 15. oktober 2010
Veg- gledartur
Mål for turen:
- Basisfriluftsliv med fokus på veivalg og bruk av kart og kompass
- Leirliv med gapahuk, bålbrenning og enkel gourmeturmat basert på lokale råvarer
- Quiz for å få repetert måla for turen
- Fisking
-Topptur på Storehaugmelen
| Kjempegjengen på 9 og ein hund |
| Symbol på ovenfra og ned mentaliteten opp bakkane, her er det eg og Thomas som bestemmer! |
Når vi kom til planlagt "camp" vart det ei lite rollebytte då nokre som ikkje hadde laga gapahuk vart utfordra til å bygge dagens le for eventuellt vær. Dette skjedde etter ei lita idemyldring kring kva som kan vere kjekt å ta hensyn til før valg av plass og kvar det var mest sannsynleg at vind og vær kunne komme fra. Vedsanking var også ein aktivitet studentane fekk bryne seg på, og skal ein ha ein skikkelig lang og varm kveld rundt bålet er det ikkje nok med småkvist...
| Ida lagar felleskur, gutta står bak og trøstar det lidande treet. |
| To slike tre-punktstøtter i framkant av gapahuken og ein stokk mellom desse funka fjell! |
Etter mykje improvisasjon og læring vart gapahuken fin, kjempebålet varma nesten for voldsomt, lapskausen vart knallgod og Ida diska opp med dessert, lappar med nugatti (anbefalast på det varmaste). Som sagt var stressfaktoren strippa til det minimale på denne turen og gruppa ga utrykk for at dette var midt i blinken i evalueringa vi hadde rundt morgenbålet siste dagen. Sjølv om det ikkje alle alle oppsatte mål for turen vart infridd, då tenker eg på Store Haugmelen grunna tåke, og ingen fisking fordi ingen tok med stang.
Allt i allt ein topp tur, som mottoet for turen var: På tur med Myklis og Kjølbis blir det alltid sol!
| Morgenbål og sol etter ei god natts søvn er slett ikkje feil. |
tirsdag 14. september 2010
Nærøyfjorden, som "turist"
Då er vi attende frå tre flotte dagar som turistar i Nærøyfjorden, som står på den eksklusive verdsarvslista til UNESCO. Turen gjekk frå Undredal til Gaupne i miljøvennlige museumsgjenstandar, også kallt for sognafæring, som er ein robåt med fleire årepar, sognafæringen vart flitti brukt til transport i fjordane i området før i tida.
Undredal
I Undredal fekk vi ein leksjon i alt godt som kjem ut av seterdrift, med produksjon av brun- og kvitost, spekemat, melk osv. Dette med kvifor brunosten er så særnorskt fenomen vart endeleg oppklart! Etter at mysen er separert fra skummamelka vart det den som var sett på som verdifull fordi der var mykje fett, og derav mykje energi og nyttig. Skummamelka vart berre "skyvd under ein stol" og sett på som unyttig, dei lagde kvitost, men det vart liksågodt brukt til dyrefor.
Eit høgdepunkt som nesten toppa denne herlege smaksbuffeten vi ser under, var då karen med hatt spennte opp stemmebanda og kveda "kråkevisa" for full hals.
Dyrdal
Etter en småturbulent rotur, en knekkt kjeip, masse allsang i god gammal "like før titanic gikk ned" stil, og noko våt baggasje kom vi fram til vår base for turen. Ein gammalt skulehus i tipp topp stand, med varmtvatten og de heile. Her var det bålkos om kveldane, garnsetting og flotte krabbar som tulla seg inni nota og vart utsøkt kveldsmat begge kveldane. Samstundes som bålkaffien sneik seg inn i systemet vart eit par stundenttema unnagjort og vi fekk greie på/ diskutert oss fram til kva det vil seie å vere turist og kva som ligg bak det tilsynelatande altomsluttande fenomenet naturbasert turisme. Sistnevnte også med miljøbasert turisme i fokus, samstundes fossa fergene forbi i bakgrunnen og turistane sto på dekk med linser som kunne zoome til dei såg samtlige ingrediensar i lapskausen vår. Så kan ein no spørre seg om kvar det vart av miljøperspektivet oppi det heile? Omgivnadane for ein leksjon eller diskusjon kring temaet bærekraftig naturbasert turisme kunna hvertfall ikkje ha vert stort betre enn der vi satt mitt i verdsarvområdet med sjølve tematikken i 4D kring oss.
Quiz spørsmål: Kor mange B3 Friluftslivstudentar må til for å dra opp et lite trollgarn? (hint; bilde under til høgre)
Styvi (Der ingen skulle tru at nokon kunne bu) og Storbonde Botolv Hov
| Der ingen skulle tru at nokon skulle bu, eller Styvi om du vil! |
Gudvangen
Det var det, for denne gang!
mandag 6. september 2010
Nærøyfjorden, før turen...
Forventningane er store til møte med det forhistoriske samfunnet innerst i Nærøyfjorden, med mannen som går kledd som ein viking så å seie heile året, samt møte med det levande leksikonet Botolv Hov, om ikkje dei to er samme person. Det i seg sjølv kan jo bli spennande å finne ut.
Sekken er snart pakka og klar, madrassen skal stripsast til sekken og då er alt klart for de harde klasseromsgolvet som ventar oss. Kanskje blir de plass til ei lita pute i sekken og, kven veit.....
Svar vil du få i neste innlegg, følg med følg med!
Her gjekk eg søndagstur på henda.

Klatreekskursjon til Gol
Mandag morning 23. august møtte ein trøtt gjeng opp ved utstyrsboda, no skulle de klatrast og ein del utstyr måtte skrivast ut av boda med de rare i. Med første kaffikopp innabors fannt eg de eg trengte og fyllte bilen med folk og plutselig var vi på tur igjen! Alle sovna i bilen og eg satt å hørte på P1 halve vegen då det var de einaste eg klarte å få inn..
Klatring i "Hullet"
Vi kom til Gol og var klar for klatring, "min" halvdel av klassa vart sendt opp til "Hullet" og resten reiste å buldra. Der vart vi delt i små grupper på 4-5 og var ikkje lenger anonyme individ i en stor saueflokk, som vi stort sett har vert på heile B2. Dette var ein spennande dag på skulen med stasjonar som rappelering (min personlige favoritt), også med rapell ned til topptaufeste og lære å gjere dette på ein trygg måte, sette kamkiler og klassiske kiler, og deretter få prøvd å sette egne sikringer i veggen og liksom gå på led på desse, men dog med topptaufeste som Thomas sikra i bunn. Den siste stasjonen var ein artig og som trening for dagar med våt vegg der eit relevant opplegg uansett skal gjennomførast, oppgåva var; Her er div. utstyr(tau, slynger, osv.), finn på noko kjekt! Eg svinga meg opp i eit tre og festa enden av tauet slik at vi kunne ha ei rutsjebane mellom to tre. For å få dette strammt var de litt fomling og famling eller induktiv metode som det heiter på fagspråket som skulle til før vi kom på korleis ei Z-talje fungerte og vi fekk stramma opp taubana vår som var 3 meter over bakkenivå.
Buldring på Rotnheim
Buldring er ein finurleg aktivitet som vekker ardenalinet i meg. Når er klatrar på topptau eller på led i veggen er eg sjelden skikkelig redd, på jobb når eg står 25 meter oppe i tre med motorsag og skal sage ned toppen, er eg konsentrert, men ikkje redd. Begge aktivitetane innebær høgder og den siste med ein sterkt innspel av at det er mange faktorar som kan gå galt og få fatale konsekvensar. Det som er så spesiellt er at når eg står 3 meter oppe på ein buldrestein, er eg livredd. Det er denne faktoren at eg ikkje er festa i noko som gjer meg vettskremt trur eg. Tross litt svette fingrar og massekonsunm av kalk fekk eg buldra til klypa var go og mør. Rune var ein flink veg-gledar som ikkje sa meir enn kva som var naudsynt å ordlegge. Vi fannt alle steinar som vi klarte å "erobre" slik at alle fikk smake på meistring. Sjølv flatmarksvandraren Monsen fannt passelige utfordring som var der vi andre klatra ned igjen fra steinane.
Siste dagen
Denne veka var utrulig lærerik, vi haddde gått gjennom mykje nytt og noko som vart satt to strek under, som at NO kan eg det. Denne dagen fekk gruppa mi den store æra av å øve på kva vi ville, då helst de vi var usikker på. Eg klatra straks opp til toppen og rappelerte ned til eit topptaufeste og sikra med inn med ekspresslynger for så å få tauet eg rappelerte ned med gjennom topptaufeste og rappelerte på dette ned til bakken. Å rappelere er ein aktivitet eg kjem til å gjere igjen, fordi det er så kjekt i seg sjølv. Ellers benytta eg annledninga til å leike men litt med kamkiler, då dette er fascinerande greier som ein ikkje kan verte utlært i.

onsdag 1. september 2010
Første inlegg.
Hei bloggnerds, bloggklassevennar og andre folk.
Dette er ein skuleblogg og kjem til å vere oppdatert før, under (om mulig) og etter skuleekskursjonar til turar vi i B3 Friluftsliv legg ut på dette semesteret!
Håper det kan verte noke spennande lesing og litt bilder for ein kvar smak, og kanskje eit lite dikt.
Det var alt eg hadde å sei for denne gang...
Bloggast ;)

Abonner på:
Innlegg (Atom)