fredag 15. oktober 2010

Veg- gledartur

Mål for turen:
- Basisfriluftsliv med fokus på veivalg og  bruk av kart og kompass
- Leirliv med gapahuk, bålbrenning og enkel gourmeturmat basert på lokale råvarer
- Quiz for å få repetert måla for turen
- Fisking
-Topptur på Storehaugmelen


Kjempegjengen på 9 og ein hund
Eg kan ikkje tenke meg ein betre måte å nyte den vakre hausten på enn det vi nett gjorde, vi tok turen "inn i naturen". Det var i roleg tempo og med eit serdeles avslappa preg vi la skulebøker, bachelorjobbing og generellt samafunnets stress og mas bak oss. No var det å vere i nærmiljøet og kjerna av friluftslivet som sto i fokus, "overskuddsliv i det fri"! Dette skulle gjelde for samtlige i gruppa, så tempoet prøvte vi etter beste evne å holde nede slik at alle hadde pust og overskudd til småprating, sjølv opp dei raske 600 høgdemeterane fra Barsnesfjorden opp til Helgasete. Her var det eg og Thomas som skulle markere vår possisjon som ledarar for gruppa. 


Symbol på ovenfra og ned mentaliteten opp bakkane, her er det eg og Thomas som bestemmer!

Når vi kom til planlagt "camp" vart det ei lite rollebytte då nokre som ikkje hadde laga gapahuk vart utfordra til å bygge dagens le for eventuellt vær. Dette skjedde etter ei lita idemyldring kring kva som kan vere kjekt å ta hensyn til før valg av plass og kvar det var mest sannsynleg at vind og vær kunne komme fra. Vedsanking var også ein aktivitet studentane fekk bryne seg på, og skal ein ha ein skikkelig lang og varm kveld rundt bålet er det ikkje nok med småkvist...


Ida lagar felleskur, gutta står bak og trøstar det lidande treet.
Dag to bar det opp på høgfjellet gjennom den lavalpine sona og vandring i tett tåke i høgalpin sone over Vardafjell, Skurva og mot Vetle Haugmelen. Etter ei kort innføring i bruk av kart og kompas sendte vi to førsteårstudentar i ilden og dei viste veg opp til tåka som brått kom snikande. Samstundes la dei ivrige B2 friluftstudentane ut om sonering i fjellet, og fjellflora ekspert Magnus tok oss med ned på bakkenivå og la ivrig ut om faunaen vi traska på. Men i stundens alvor i tåka der oppe tok vegledarene ansvar og losa gruppa trygt gjennom tåka, samt fortalte skrøner fra tidligare ekspedisjonar om kor mykje verre sikten kan vere når bakken også er kvit og sikten stoppar med skituppane. Saman beslutta vi i gruppa å droppe å gå på Store Haugmelen då vi ikkje hadde fått sett den vakre utsikten som er derfra i fint vær. Vi gjekk heller under tåka og såvidt ned i skoggrensa og fyrte opp eit lunsj-bål. Deretter bar det til turens siste camp som var på vestsida av Breidesetevatnet. Her fannt vi ein fin plass med utsikt over vatnet, men det var ikkje nokon tre å knyte gapahuken opp i, noko som var heilt ypperleg, for då fekk vi prøve ein anna måte å bygge den på. Litt ekstra jobb, men meget lærerikt og alle var i sving med to tre-punktstøtter i frankant, andre laga bålplass og nokre kutta grønsaker til betasuppa. 


To slike tre-punktstøtter i framkant av gapahuken og ein stokk mellom desse funka fjell!

Etter mykje improvisasjon og læring vart gapahuken fin, kjempebålet varma nesten for voldsomt, lapskausen vart knallgod og Ida diska opp med dessert, lappar med nugatti (anbefalast på det varmaste). Som sagt var stressfaktoren strippa til det minimale på denne turen og gruppa ga utrykk for at dette var midt i blinken i evalueringa vi hadde rundt morgenbålet siste dagen. Sjølv om det ikkje alle alle oppsatte mål for turen vart infridd, då tenker eg på Store Haugmelen grunna tåke, og ingen fisking fordi ingen tok med stang. 
Allt i allt ein topp tur, som mottoet for turen var: På tur med Myklis og Kjølbis blir det alltid sol!

Morgenbål og sol etter ei god natts søvn er slett ikkje feil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar