tirsdag 14. september 2010

Nærøyfjorden, som "turist"


Då er vi attende frå tre flotte dagar som turistar i Nærøyfjorden, som står på den eksklusive verdsarvslista til UNESCO. Turen gjekk frå Undredal til Gaupne i miljøvennlige museumsgjenstandar, også kallt for sognafæring, som er ein robåt med fleire årepar, sognafæringen vart flitti brukt til transport i fjordane i området før i tida. 



Undredal
I Undredal fekk vi ein leksjon i  alt godt som kjem ut av seterdrift, med produksjon av brun- og kvitost, spekemat, melk osv. Dette med kvifor brunosten er så særnorskt fenomen vart endeleg oppklart! Etter at mysen er separert fra skummamelka vart det den som var sett på som verdifull fordi der var mykje fett, og derav mykje energi og nyttig. Skummamelka vart berre "skyvd under ein stol" og sett på som unyttig, dei lagde kvitost, men det vart liksågodt brukt til dyrefor.
Eit høgdepunkt som nesten toppa denne herlege smaksbuffeten vi ser under, var då karen med hatt spennte opp stemmebanda og kveda "kråkevisa" for full hals.



Dyrdal
Etter en småturbulent rotur, en knekkt kjeip, masse allsang i god gammal "like før titanic gikk ned" stil, og noko våt baggasje kom vi fram til vår base for turen. Ein gammalt skulehus i tipp topp stand, med varmtvatten og de heile. Her var det bålkos om kveldane, garnsetting og flotte krabbar som tulla seg inni nota og vart utsøkt kveldsmat begge kveldane. Samstundes som bålkaffien sneik seg inn i systemet vart eit par stundenttema unnagjort og vi fekk greie på/ diskutert oss fram til kva det vil seie å vere  turist og kva som ligg bak det tilsynelatande altomsluttande fenomenet naturbasert turisme. Sistnevnte også med miljøbasert turisme i fokus, samstundes fossa fergene forbi i bakgrunnen og turistane sto på dekk med linser som kunne zoome til dei såg samtlige ingrediensar i lapskausen vår. Så kan ein no spørre seg om kvar det  vart av miljøperspektivet oppi det heile? Omgivnadane for ein leksjon eller diskusjon kring temaet bærekraftig naturbasert turisme kunna hvertfall ikkje ha vert stort betre enn der  vi satt mitt i verdsarvområdet med sjølve tematikken i 4D kring oss.

Quiz spørsmål: Kor mange B3 Friluftslivstudentar må til for å dra opp et lite trollgarn? (hint; bilde under til høgre)




Styvi (Der ingen skulle tru at nokon kunne bu) og Storbonde Botolv Hov

Møtet med denne karen sto til forventninga, han fekk samtlige til å trekke på smilebandet med sine kontroversielle utspel og bestemmte meiningar. Botolv er ein tusenkunstnar utan like og  representerarr eit syn som stiller "kjøp, bruk og kast" mentaliteten i eit reelt dårleg lys. Og vekkte ein tanke meg, kvifor kjøper vi allt mogeleg utstyr? Det kan jo lagast sjølv! Då han vaks opp var det jo ikkje eit spørsmål ein gang, skal ein ha seg nye sko er det berre å gå å lage seg nye sko. I det daglige travle livet vårt er det ikkje ein tanke som dukkar opp eingang.

Der ingen skulle tru at nokon skulle bu, eller Styvi om du vil!


Gudvangen

Verden er ein fantastisk stad med at folk har så forskjellig mål med livet, alle vil ikkje bli "rike" i form av stort hus, fin bil etc. Vikingen (lengst til venste på bilde) vi møtte innerst i verdsarvfjorden er eit levande eksempel på dette, han masjerar rundt med skinnfell på hovudet, sverd i beltet og skinntøfler imponerande 320dagar i året og lever ut livet som viking i vår samtid. I litt mindre grad er desse andre velkledde vikingane med når det trengs, og vi fekk vere med på nokre vikingleikar som virkelig gav meirsmak. Knattleik var heilt rått, med eit lite balltre, rugby lignande mål, ein ullball og de beste av alt, så å seie ingen reglar. Så var det litt bogeskyting og en finurleg aktivitet som dei sa at skulle finne ut kven som var best i senga. Og som vi ser under er kanskje ikkje Bård den aller beste, eller?




Det var det, for denne gang!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar