Mandag morning 23. august møtte ein trøtt gjeng opp ved utstyrsboda, no skulle de klatrast og ein del utstyr måtte skrivast ut av boda med de rare i. Med første kaffikopp innabors fannt eg de eg trengte og fyllte bilen med folk og plutselig var vi på tur igjen! Alle sovna i bilen og eg satt å hørte på P1 halve vegen då det var de einaste eg klarte å få inn..
Klatring i "Hullet"
Vi kom til Gol og var klar for klatring, "min" halvdel av klassa vart sendt opp til "Hullet" og resten reiste å buldra. Der vart vi delt i små grupper på 4-5 og var ikkje lenger anonyme individ i en stor saueflokk, som vi stort sett har vert på heile B2. Dette var ein spennande dag på skulen med stasjonar som rappelering (min personlige favoritt), også med rapell ned til topptaufeste og lære å gjere dette på ein trygg måte, sette kamkiler og klassiske kiler, og deretter få prøvd å sette egne sikringer i veggen og liksom gå på led på desse, men dog med topptaufeste som Thomas sikra i bunn. Den siste stasjonen var ein artig og som trening for dagar med våt vegg der eit relevant opplegg uansett skal gjennomførast, oppgåva var; Her er div. utstyr(tau, slynger, osv.), finn på noko kjekt! Eg svinga meg opp i eit tre og festa enden av tauet slik at vi kunne ha ei rutsjebane mellom to tre. For å få dette strammt var de litt fomling og famling eller induktiv metode som det heiter på fagspråket som skulle til før vi kom på korleis ei Z-talje fungerte og vi fekk stramma opp taubana vår som var 3 meter over bakkenivå.
Buldring på Rotnheim
Buldring er ein finurleg aktivitet som vekker ardenalinet i meg. Når er klatrar på topptau eller på led i veggen er eg sjelden skikkelig redd, på jobb når eg står 25 meter oppe i tre med motorsag og skal sage ned toppen, er eg konsentrert, men ikkje redd. Begge aktivitetane innebær høgder og den siste med ein sterkt innspel av at det er mange faktorar som kan gå galt og få fatale konsekvensar. Det som er så spesiellt er at når eg står 3 meter oppe på ein buldrestein, er eg livredd. Det er denne faktoren at eg ikkje er festa i noko som gjer meg vettskremt trur eg. Tross litt svette fingrar og massekonsunm av kalk fekk eg buldra til klypa var go og mør. Rune var ein flink veg-gledar som ikkje sa meir enn kva som var naudsynt å ordlegge. Vi fannt alle steinar som vi klarte å "erobre" slik at alle fikk smake på meistring. Sjølv flatmarksvandraren Monsen fannt passelige utfordring som var der vi andre klatra ned igjen fra steinane.
Siste dagen
Denne veka var utrulig lærerik, vi haddde gått gjennom mykje nytt og noko som vart satt to strek under, som at NO kan eg det. Denne dagen fekk gruppa mi den store æra av å øve på kva vi ville, då helst de vi var usikker på. Eg klatra straks opp til toppen og rappelerte ned til eit topptaufeste og sikra med inn med ekspresslynger for så å få tauet eg rappelerte ned med gjennom topptaufeste og rappelerte på dette ned til bakken. Å rappelere er ein aktivitet eg kjem til å gjere igjen, fordi det er så kjekt i seg sjølv. Ellers benytta eg annledninga til å leike men litt med kamkiler, då dette er fascinerande greier som ein ikkje kan verte utlært i.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar