Tre fantastiske og lærerike veker i Frankrike er no tilbakelagt. Dei to første vekene var skule og læring i fokus, den siste veka var sjølvrealisering og avslapping hos min søster i Avignon hovudmoment, samt å bli betre kjennt med vakre Nice. I mitt forrige bloginlegg la eg fram måla for dei to fagrelaterte vekene av turen, desse måla skal eg no kommentere om vart oppnådd eller ei.
 |
| Campingplassen i Correns som var vår base i 2 veker |
Klatring i Correns og måloppnåing

Eit av måla for turen var å verte trygg på eigen ferdighet på led på boreboltar, dette vart grunndig jobba med og i høgste grad oppnådd. Først dagen vart det observert om vi var inneforstått med dette å sikre seg sjølv med slynger i standplass, for så å knyte seg ut og tre tauet gjennom topptaufestet. Det var behageleg å ha eit ekstra sett med auger på turens første gjennomkøyring av "operasjonen" før vi vart sleppt ut i feltet og vart under eigen kommando. Sjølve prosessen har vi gått igjennom fleire gangar både i teori og praksis, og det er i bunn og grunn meget logisk kva som skal gjerast. Etter nokre dagar skjedde omtrent prosessen av seg sjølv medan eg naut utsikten utover den lille dalen vi klatra i, med ein kameratsjekk på meg sjølv på åttetalsknuten og treinga av tauet før eg ropte "stram opp" og løsna 120 slynga fra borebolten. Dette med oppfølging og vegleding av medstudentar er ein meget lærerik prosess og er slik som skjer av seg sjølv med ei slik samling av lærevillige og tildels kompetent gruppe som oss. Vi er ei meget prosessorientert gruppe som fokuserar på læring underveis og ikkje berre jagar etter å komme opp ei vanskeligast mogeleg rute. Dette er behageleg da det ikkje berre er graderinga som har noko å sei, er det inne i ei kløft eller på kanten av ein rygg har mykje å seie for det psykiske og følelsen av tryggleik. Eg opplevde sjølv at etter besøket i høgdeparken fekk eg "høgdesjuka" og var livredd for å klatre på led på relativt enkle ruter som eg leikande lett hadde varma opp på berre nokre dagar tidlegare. Då var det berre å begynde med blanke ark, eg skalv meg opp nokre meistringsruter både på led og topptau heilt til eg igjen fekk tiltru til at dette var nokonlunde trygt. Eg gjennomførte også noke falltrening for å få meg sjølv til å vete at sikringskjeden fungerte som den skulle. Og etter nokre dagar med "høgdesjuketrening" og god oppfølging av både vegledarar og medstudentar var eg igjen tilbake for fullt. Ei god bekrefting på "friskmeldinga" kom då Isak og eg klatra to taulengder der eg leda siste taulengda fra 30 m oppe i veggen til 50 meter over bakken. Der måtte eg henge i selen og sikre Isak opp då det ikkje var noko hylle å stå på, hengetrauma var ikkje langt unna då eg endelig kom rappelerande ned til mellomforankringa at og fekk stått litt på hylla som var der.

Med å vere deltakarar/studentar på denne klatreturen fekk vi eit innblikk i korleis ein kan legge opp kommersielle klatrevirksomhet for ei gruppe, som var eit mål for denne turen. Høgdeparken vi besøkte var og eit innblikk i den samme gata då det var ein del klatring, men dog av ein anna karakter med mange andre moment enn berre klatring.
For å la utmatta klatremusklar få litt restutisjonstid underveis hadde vi kvar dag meget interesanne og lærerike stundenttema (skulepensum fordelt på alle i klassa) som var alt fra klatrehistorie til vegledar-rolla, dette la vi fram for resten av klassa. Denne patenten gjer at stoffet blir forelest på ein enkel og forståeleg måte og i små bolkar, som eg konkluderar med gir større læringsutbytte enn ein tilsvarande 27 timar på skulebenken med samme forelesar. Andre restitusjonstilltak og kulturinnslag for å få oppleve noko anna enn klatrefeltet i Correns var at vi var på tre utflukter underveis på turen.
Eden Adventure i Mèounes (Høgdepark) og Cassis (liten middelhavsby)
 |
|
Til venstre her er eit lite bildeutdrag av kva denne høgdeparken hadde å tilby. I løypa hadde på oss sittesele med to vaiertau med karabin som vi gjennom heile løypa var klipsa i vaier eller tau for å vere trygge. Og når vi kon til ein Tandem Cable trinse (dobbel trinse uten kulelager for bruk på kabel eller tau) som vi var klipsa i vaiera og tau som gjekk langs den Via Ferrata liknande løypa med mange ellement som innebar store høgder, fart utfordringar både fysisk, men kanskje aller mest psykisk. Via ferrata er eit søreuropeiske fenomen som ikkje er vanlig her til lands, det er italiensk og kan oversettast til "klatresti" eller "jernsti" (omtalast ofte som "klatresti med wire"). Det går ut på å tilrettelegge for at så å seie kven som helst skal kunne komme seg gjennom eksempelvis denne løypa på ein trygg måte, med å heile tida vere klipsa i tauet eller vaieren som går langs heile løypa. Dette er også brukt opp på nokre toppar i sør-europa for at nesten kven som helst som eig ein sele, slynge og karabiner skal kunne ta seg opp på toppar dei eller ikkje hadde hatt sjans til å gjere utan denne tilrettelegginga. Dette er motstridande til norsk friluftsfilosofi og det er derfor ikkje eit utbreidt fenomen i norge. Dog det finnes unntak som via ferrataklatrestien i Hemsedal.
Etter høgde(skrekk)parken køyrte vi til den koselige lille middelhavsbyen Cassis og fekk planta begge føta i middelhavet og kjølt ned nervane med ein is og alt vart straks betre.
Lørdagsmarknad i Aix en Provence
For å få med litt kultur reiste vi på marked i Aix en Provence som er Provences historiske hovedstad. Det er en by med en ekstremt rik arkitektur, en by som er kjent for at her er det godt å leve. Og sanneli min hatt, endeleg fannt eg ein butikk med min skostørrelse som er særs vanskelig å oppdrive.
Verdon, Europas største canyon
Denne canyonen er 25 kilometer lang og opp til 700 meter djup frå platået på toppen til elva i bunnen. Vi tilbakela kring 10 kilometer av canyonen i behageleg tempo med hygge og og småprat som hovudmoment. Når vi nerma oss enden på vår lille vandring gjekk vi forbi ein majestetisk vegg (sjå bilde over), dette er ein mykje brukt klatrevegg med omtrent 1500 klatreruter der dei fleste er bolta. Med så mange ruter kan veggen kan tilby utfordringar til alle ferdighetsnivå, og alt fra 20- til 400meters ruter, sistnevnte som naturleg nok legg opp til klatring på fleire taulengder.
Stor takk rettast til heile klassa og vegledarane for nokre fantastiske skuledagar i Frankrike!