


Dei siste vekene har eg fått møte fleire en tidlegare nevnte dyr dette kontinentet har å by på; giraff, sebra, krokodille, antilope, apar (baboar (skriveleif?)). Forrige helg var vi ein gjeng til Victoria Falls og såg/blei dusja av den mektige fossen. Etter å ha sett Iguassi Falls i Brasil/Argentina var det nesten litt skuffande syn, det var ikkje det samme oversikta der ein fekk sjå kor stor fossen er. Det var mykje «Mosi» (ei slags tåke). Men like nedanfor var de ei ganske spektakulær bru som eg noke impulsivt bestemte meg for å hoppe utfor, dog med strikk festa rundt beina. Ta sats og stupe med haudet først 111 meter mot avgrunnen i form av ei elv var ganske så avskrekkande, dog eg har hoppa bungy fra 145 meter i New Zealand. Men eg hadde vist glømt kor unaturleg og skummelt det var! Når vi likesågodt var der, så vart vi lurt til å kjøpe fleire hopp, så vi tok sånn slide over den elva, og ein swing som i likhet med bungyen innebar eit fritt fall på 111 meter, berre at det var med beina først og ein deilig lang swing 10 meter over den brune Zambezi elva. Etter det var vi på eit alt for fint hotell og bada og fekk mat ved bassengkanten. Samstundes såg vi på apestekane til Babonane (fortsatt apekattar) som sneik seg til restane på forlatte bord og i bossbøttene. Så gjenstod de ein liten gåtur blandt giraffar, sebraer og antiloper, alle på 2-3 meters avstand. Og giraffpappaen stilte seg i vegen når vi skulle gå, så vi sto å såg på at han guiden vår måtte bort å få den til å flytte på seg då ein bil ville forbi. På veg heim fra skulen i Simonga idag møtte vi også ein giraff, den var vill merka vi når vi prøvte å gå bort til den. Deretter kom de ein heil apepatrulje springande over veien. Jaja, slik er det altså i afrika. Meste mål er å gå med løver, kanskje i helga skal vi det.
Frå dyr til folk...
Om nokon vil sende kort eller noke så er adressa hit: Navnet mitt, P. O. Box 60934 Livingstone, Zambia.
Mikael`s På Kanten spalte:
Som sagt er dette ei spalte på kanten av stupet, idag tar eg eit steg fram. Etter å ha melka ein Zambiar for informasjon, så innrømte han ganske så direkte at folk her er vant med å få kapial, utstyr og diverse fra Vestlige land (Europa, USA). Så kvifor skal dei gidde å gjere meir en naudsynt, når ein kan ligge i skyggen å vente på nye forsyningar. Så Asbjørn, fin kommentar på forrige blogg: Korrekt svar, dette er å gi folk fisk, ikkje å lære dei å fiske. Zambiaren la til at dette er eit stort problem, som eg prøvte å få fram i forrige innlegg. At folk blir late har eg eit beskrivande sitat på: «if we don`t get money or equitment, we think our sponsors are bad people» (sitat anonym Zambiar). Kva kan ein gjere med dette??
Gammal vane vond å vende, over og ut fra eit samfunn i sirup!
Fint innlegg, gled deg til å gå med løver, det er FETT (gjorde det på Mauritius). Ikkje løp vekk frå gruppa, då ser du ut som ein biff som er eteklar !
SvarSlettSom så mange før deg, stiller du spørsmålet; Kva kan ein gjere med dette?
"TIA, og nei, det er ikke noe å gjøre med det før dei sjølv finn ut av det". A
Takk for kommentarar Asbjørn, kjekt å sjå at noken leser og er med i "på kanten" spalta mi! Angåande å gå med løver, så trur eg ser ut som ein eteklar biff uansett kor eg går! :)
SvarSlett