søndag 6. februar 2011

Førsteintrykk av Zambia


Ja, då var vi altså på plass midt i tjukkaste Afrika. Her er varmt og meget klamt. Når vi landa og steig ut av flyet og fekk med ein gang kjenne på våre norske rastlause kroppar kva utrykket "TIA" er for noko, "Time In Afrika" betyr det. Dette innebær at tida ikkje er vegledande, effektivitet er eit framandord og derav lange køar med stressa turistar og studentar som vil komme fram slik at ein då kan slappe av. Akkurat som "Fiji time" på Fiji, der fekk eg høyre; "null stress, slapp av mann, du er på Fiji". Etter ein time i kø på den underbemanna "immigration office" så kom vi ut, der sto det en meget avslappa mann som skulle hente oss, han sa etter mykje om og men at han hadde lånt vekk bilen som han skulle henta oss i, og dei som lånte den hadde punktert. Men til slutt kom vi oss fram.
Ein kan seie mykje om å forberede seg til å komme til eit fattig land som Zambia, men eit sjokk blir det uansett. Eit utrykk seier noko i denne dur: det ein høyrer- gløymer man , det man ser- husker man og det man opplever- kan man. I alle år har eg sett fattigdom på tv, høyrt om det, vært i Brasil og sett det på nært hold, men i løpet av desse månedane kjem vi til å vere midt oppi det heile og lære om korleis det er. Med å dagleg ha kontakt med folk som lever med eit budsjett tilsvarande tyggisbudsjettet til ein norsk ungdomskuleelev. Opplevelse av fattigdom får vi nok ikkje då vi ved hjelp av lånekassa/skattebetalarane i Noreg er milionærar her nede. Dog på grunn av latterleg mange nullar på pengesedlane. Så når vi landa var det rett i minibanken å ta ut 2 000 000 lokale "galninga" som tilsvarar omtrent 2400 NOK.


Apropo vestlandsvegane, dei er ikkje noke å klage på! Eg har etter ei veke no skjønnt kvifor eg har til gode å sitte på med ein taxi som kunna passert EU kontroll etter Norsk standard. Det regna i ein halvtime når vi kom til landet, og kvar ein dråpe var å finne oppå den harpakka bakken, også kallt for veg. Holer og steinar skrapa og rista laus alt ein bil har å by på av skruar og dempara. Så min tilsynelatande slitte Space Wagon heime hadde vert ein luksus taxi i dette landet, med fungerande bremser, setebelte, dempara, heil frontrute, dørhandtak som ikkje er knekt av og de heile. Men nok om da!


I måra reiser vi vekk fra Livingstone til den lille "bygda" Simonga, først må vi berre innom å helse på skulesjefen i distriktet før vi får lov til å starte med praksis. Då vert det 4 veker bland løver, apekattar, flodhestar og elefantar. Og masse ungar som trur at vi er milloinærar, men det er man jo her nede. Angåande elefant som framkomstmiddel, må eg komme tilbake til det seinare. Eg har ikkje komme over ein eg er heilt fornøgd med enda. Når det var sagt, så må eg gå. Har bestillt mat, og har det frykteli travelt med å ligge med bassengkanten og bade. Dette er ein liten luksus dag vi har unna oss før 4 veker i Simonga, det er ikkje slik vi skal ha de i praksis.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar