søndag 30. januar 2011

Fra Friluftsblogg til Zambiablogg

For å sette eit verdig komma i friluftsbloggen for denne gang vil eg legge  ut eit eigenprodusert dikt. Diktet omhandlar alarmteikn som ein ser etter eller oppfattar før og undervegs på ein topptur på ski. Mange av dei nevte alarmteikna har blinka både gult og rødt i mine nyutdanna friluftslivs vegledarauger når eg i år har gått toppturar i Sogndalsdalen. Særskilt med tanke på de store kvantum av ettertrakta pudder som bestemte seg for å lande i Sogn. Her kjem diktet:


Solskinnsdag
Nysnøen ropar
Sola smiler fra sør
Alarmteikna hintar
Men sofanen inne, gjer meg ør

Stormen har løya
Kakaoen er med
Ei urørt leside lokkar
Eg legg i veg

Vindblåste toppar
Motivasjonen ei stoppar
temperaturen er rød
Gir ytterlegare glød



Sola den tar
Nok eit klesplagg går av
Fellane har gjort jobben
Og dras av

Snøen er som best
Eit gledes hopp eg tar
Eit drønn kjem fra vest
Og fjellsida løsnar



Så var det Zambia...


Grunnen til at eg reiser til Zambia er fordi det er "frie" studiepoeng siste semesteret av min bachelor i friluftsliv, da valgte eg Global Knowledge som innebær 3 månader i Zambia. Forventningane er enorme, særskillt etter tre og ei halv veke med intensive forelesningar om det som på forhånd berre var eit land i afrika. No er Zambia så uendelig mykje meir, og eg ser fram til å lære dette landet og folket å kjenne. Eg er fedig pakka og sitt eigentleg berre å trippar etter å sette meg på flyet på veg til Livingstone midt i tjukkaste Afrika.  I Livingstone skal vi vere fra ankomst onsdag formiddag og fram til Søndag. Då reiser vi ei gruppe på 6 stk ein halvtime køyring til eit lite lokalsamfunn med 200 inbyggarar, Simonga heiter det. Der ventar det 4 veker praksis ved barnehagen/ barneskulen samt de lille samfunnet vi lever i der.
Planen er å kjøpe ein elefant som kan fungere som bil, og dessuten fungere som beskyttelse mot løver, plagsomme apar og flodhestar. Er dette realistisk??


Følg med i neste innlegg i Røynda talar, fra hjertet av Afrika!

2 kommentarer:

  1. Eg vil anbefale indisk elefant - har høyrt at dei er mindre mannevonde enn afrikanske.. Ellers må du hugse på å insistere på å sjå tilstandsrapport før du handlar (viss det fins NAF-test for elefantar er dette å anbefale).

    SvarSlett
  2. genialt Mikael:)viste ikkje at du var så flink å skrive...kjempespennande lesing og kjekt å sjå,eller lese blir det vel, at du kosa deg i Afrika:)snakkest hjemme i kalde Norge om litt

    SvarSlett