tirsdag 14. september 2010

Nærøyfjorden, som "turist"


Då er vi attende frå tre flotte dagar som turistar i Nærøyfjorden, som står på den eksklusive verdsarvslista til UNESCO. Turen gjekk frå Undredal til Gaupne i miljøvennlige museumsgjenstandar, også kallt for sognafæring, som er ein robåt med fleire årepar, sognafæringen vart flitti brukt til transport i fjordane i området før i tida. 



Undredal
I Undredal fekk vi ein leksjon i  alt godt som kjem ut av seterdrift, med produksjon av brun- og kvitost, spekemat, melk osv. Dette med kvifor brunosten er så særnorskt fenomen vart endeleg oppklart! Etter at mysen er separert fra skummamelka vart det den som var sett på som verdifull fordi der var mykje fett, og derav mykje energi og nyttig. Skummamelka vart berre "skyvd under ein stol" og sett på som unyttig, dei lagde kvitost, men det vart liksågodt brukt til dyrefor.
Eit høgdepunkt som nesten toppa denne herlege smaksbuffeten vi ser under, var då karen med hatt spennte opp stemmebanda og kveda "kråkevisa" for full hals.



Dyrdal
Etter en småturbulent rotur, en knekkt kjeip, masse allsang i god gammal "like før titanic gikk ned" stil, og noko våt baggasje kom vi fram til vår base for turen. Ein gammalt skulehus i tipp topp stand, med varmtvatten og de heile. Her var det bålkos om kveldane, garnsetting og flotte krabbar som tulla seg inni nota og vart utsøkt kveldsmat begge kveldane. Samstundes som bålkaffien sneik seg inn i systemet vart eit par stundenttema unnagjort og vi fekk greie på/ diskutert oss fram til kva det vil seie å vere  turist og kva som ligg bak det tilsynelatande altomsluttande fenomenet naturbasert turisme. Sistnevnte også med miljøbasert turisme i fokus, samstundes fossa fergene forbi i bakgrunnen og turistane sto på dekk med linser som kunne zoome til dei såg samtlige ingrediensar i lapskausen vår. Så kan ein no spørre seg om kvar det  vart av miljøperspektivet oppi det heile? Omgivnadane for ein leksjon eller diskusjon kring temaet bærekraftig naturbasert turisme kunna hvertfall ikkje ha vert stort betre enn der  vi satt mitt i verdsarvområdet med sjølve tematikken i 4D kring oss.

Quiz spørsmål: Kor mange B3 Friluftslivstudentar må til for å dra opp et lite trollgarn? (hint; bilde under til høgre)




Styvi (Der ingen skulle tru at nokon kunne bu) og Storbonde Botolv Hov

Møtet med denne karen sto til forventninga, han fekk samtlige til å trekke på smilebandet med sine kontroversielle utspel og bestemmte meiningar. Botolv er ein tusenkunstnar utan like og  representerarr eit syn som stiller "kjøp, bruk og kast" mentaliteten i eit reelt dårleg lys. Og vekkte ein tanke meg, kvifor kjøper vi allt mogeleg utstyr? Det kan jo lagast sjølv! Då han vaks opp var det jo ikkje eit spørsmål ein gang, skal ein ha seg nye sko er det berre å gå å lage seg nye sko. I det daglige travle livet vårt er det ikkje ein tanke som dukkar opp eingang.

Der ingen skulle tru at nokon skulle bu, eller Styvi om du vil!


Gudvangen

Verden er ein fantastisk stad med at folk har så forskjellig mål med livet, alle vil ikkje bli "rike" i form av stort hus, fin bil etc. Vikingen (lengst til venste på bilde) vi møtte innerst i verdsarvfjorden er eit levande eksempel på dette, han masjerar rundt med skinnfell på hovudet, sverd i beltet og skinntøfler imponerande 320dagar i året og lever ut livet som viking i vår samtid. I litt mindre grad er desse andre velkledde vikingane med når det trengs, og vi fekk vere med på nokre vikingleikar som virkelig gav meirsmak. Knattleik var heilt rått, med eit lite balltre, rugby lignande mål, ein ullball og de beste av alt, så å seie ingen reglar. Så var det litt bogeskyting og en finurleg aktivitet som dei sa at skulle finne ut kven som var best i senga. Og som vi ser under er kanskje ikkje Bård den aller beste, eller?




Det var det, for denne gang!

mandag 6. september 2010

Nærøyfjorden, før turen...

Forventningane er store til møte med det forhistoriske samfunnet innerst i Nærøyfjorden, med mannen som går kledd som ein viking så å seie heile året, samt møte med det levande leksikonet Botolv Hov, om ikkje dei to er samme person. Det i seg sjølv kan jo bli spennande å finne ut.

Sekken er snart pakka og klar, madrassen skal stripsast til sekken og då er alt klart for de harde klasseromsgolvet som ventar oss. Kanskje blir de plass til ei lita pute i sekken og, kven veit.....
Svar vil du få i neste innlegg, følg med følg med!

Her gjekk eg søndagstur på henda.

Klatreekskursjon til Gol

Mandag morning 23. august møtte ein trøtt gjeng opp ved utstyrsboda, no skulle de klatrast og ein del utstyr måtte skrivast ut av boda med de rare i. Med første kaffikopp innabors fannt eg de eg trengte og fyllte bilen med folk og plutselig var vi på tur igjen! Alle sovna i bilen og eg satt å hørte på P1 halve vegen då det var de einaste eg klarte å få inn..

Klatring i "Hullet"
Vi kom til Gol og var klar for klatring, "min" halvdel av klassa vart sendt opp til "Hullet" og resten reiste å buldra. Der vart vi delt i små grupper på 4-5 og var ikkje lenger anonyme individ i en stor saueflokk, som vi stort sett har vert på heile B2. Dette var ein spennande dag på skulen med stasjonar som rappelering (min personlige favoritt), også med rapell ned til topptaufeste og lære å gjere dette på ein trygg måte, sette kamkiler og klassiske kiler, og deretter få prøvd å sette egne sikringer i veggen og liksom gå på led på desse, men dog med topptaufeste som Thomas sikra i bunn. Den siste stasjonen var ein artig og som trening for dagar med våt vegg der eit relevant opplegg uansett skal gjennomførast, oppgåva var; Her er div. utstyr(tau, slynger, osv.), finn på noko kjekt! Eg svinga meg opp i eit tre og festa enden av tauet slik at vi kunne ha ei rutsjebane mellom to tre. For å få dette strammt var de litt fomling og famling eller induktiv metode som det heiter på fagspråket som skulle til før vi kom på korleis ei Z-talje fungerte og vi fekk stramma opp taubana vår som var 3 meter over bakkenivå.

Buldring på Rotnheim
Buldring er ein finurleg aktivitet som vekker ardenalinet i meg. Når er klatrar på topptau eller på led i veggen er eg sjelden skikkelig redd, på jobb når eg står 25 meter oppe i tre med motorsag og skal sage ned toppen, er eg konsentrert, men ikkje redd. Begge aktivitetane innebær høgder og den siste med ein sterkt innspel av at det er mange faktorar som kan gå galt og få fatale konsekvensar. Det som er så spesiellt er at når eg står 3 meter oppe på ein buldrestein, er eg livredd. Det er denne faktoren at eg ikkje er festa i noko som gjer meg vettskremt trur eg. Tross litt svette fingrar og massekonsunm av kalk fekk eg buldra til klypa var go og mør. Rune var ein flink veg-gledar som ikkje sa meir enn kva som var naudsynt å ordlegge. Vi fannt alle steinar som vi klarte å "erobre" slik at alle fikk smake på meistring. Sjølv flatmarksvandraren Monsen fannt passelige utfordring som var der vi andre klatra ned igjen fra steinane.

Siste dagen
Denne veka var utrulig lærerik, vi haddde gått gjennom mykje nytt og noko som vart satt to strek under, som at NO kan eg det. Denne dagen fekk gruppa mi den store æra av å øve på kva vi ville, då helst de vi var usikker på. Eg klatra straks opp til toppen og rappelerte ned til eit topptaufeste og sikra med inn med ekspresslynger for så å få tauet eg rappelerte ned med gjennom topptaufeste og rappelerte på dette ned til bakken. Å rappelere er ein aktivitet eg kjem til å gjere igjen, fordi det er så kjekt i seg sjølv. Ellers benytta eg annledninga til å leike men litt med kamkiler, då dette er fascinerande greier som ein ikkje kan verte utlært i.

onsdag 1. september 2010

Første inlegg.

Hei bloggnerds, bloggklassevennar og andre folk.
Dette er ein skuleblogg og kjem til å vere oppdatert før, under (om mulig) og etter skuleekskursjonar til turar vi i B3 Friluftsliv legg ut på dette semesteret!
Håper det kan verte noke spennande lesing og litt bilder for ein kvar smak, og kanskje eit lite dikt.
Det var alt eg hadde å sei for denne gang...
Bloggast ;)