lørdag 1. november 2014

Operant Betinging av B. F. Skinner

I dette innlegget kjem eg til å presentere ein teori om lærings- og motivasjonssyn av den amerikanske psykologen Burrhus Fredrich Skinner (1904-1990). Skinner var ein pioner på mange områder når han utvikla denne teorien innan eksperimentell psykologi og radikal behaviorisme. Teorien eg har vald er operant betinging, i korte trekk dreier teorien seg om at åtferd kan endrast ved hjelp av respons, helst i form av forsterking
(Manger, Lillejord, Nordahl & Helland, 2013;215). Teorien skal eg drøfte i lys av kva følgjer perspektivet kjem til å ha for mi undervisning.
Først eit lite bakteppe, kvifor velgjer eg akkurat behaviorisme og Skinner? Jo, det er først og fremst fordi eg synes det er fascinerande at teoriar kring åtferdskorrigering, som er utarbeida i det førre hundretåret, kan brukast som pedagogisk praksis i det 21-århundret. Vidare har eg erfart og jobba konkret med Skinners teori kring åtferdskorrigering som pedagog i barnehage, og sett positiv effekten av metoden hjå barn med utagerande åtferd. På den andre sida har eg også sett baksida av medaljen, gjennom lærarpraksis i Zambia såg eg bruk av straff i form av at rektor slo elevar, som ein respons på uønska åtferd.

Operant betinging
Ifølge Manger et al. (2013;215) dreier operant betinging seg om ”atferd (handling eller respons) hvor konsekvensen av atferden påvirker sannsynligheten for at atferden gjentar seg”. Eit eksempel kan vere ein elev som utfører ei gitt oppgåve i timen (handling), og responsen er ros frå læraren, sett at eleven set pris på få ros frå læraren, så aukar sannsynet for at handlinga vert gjenteken. Dersom den same eleven derimot ikkje får ein slik respons (ros), er sjansen mindre for at handlinga gjentek seg. Mangler et al. (2013;215) meinar altså at ”en operant atferd er en atferd som ”opererer” eller virker på omgivelsene”.
Elevar utfører utallige handlingar dagleg, nokre handlingar får konsekvensar (positive eller negative), medan andre handlingar får ingen konsekvensar. Som lærar vil eg då gjere mitt yttarste for at  positiv åtferd vert rosa så hyppig som overhovudet mogeleg. Samstundes vere konsekvent på kva som får positiv respons, og kva som ikkje får respons. Gjennom å observere skuletimar og som pedagog i barnehage har eg sett at mange elevar og barn som får forsterka får positiv respons på uønska åtferd. Eksempelvis at ein elev kunn sparkar ballen med føta i volleballtimen, og lærar rosar eleven når timen sluttar.

Forsterkning
Forsterkning kan vert definert som ”den hendelsen som etterfølger en handling og øker sannasynligheten for at handlinga gjenntar seg” (Lillejord, Manger & Nordahl, 2013;139).  Forsterkning kan deles i to; materiell forsterkning i form av karakterar og liknande eller sosial forsterkning i form av  merksemd og ros. Forsterkning er eit veldig sentralt del av Skinner sin teori om operant betinging. Positiv forsterkar er noko som eleven oppfattar som positivt, negativ forsterkar er at noko ubehagelig vert teke bort. Ei form for positiv forserking vert kalla for ”Premacks prinsipp” (Mangler et al., 2013;219), prinsippet går ut på at åtferd som eleven likar å gjere, vert brukt som ”lokkemat” for å få eleven til å gjere det eleven mislikar. Eit eksempel på dette prinsippet er ein elev som ikkje ønskjer å gjere lekser i ein arbeidstime, og læraren sei at han kan få høyre på musikk (gitt at dette er ønskjeleg) etter å ha løyst den gitte oppgåva. Forsterkarar er personavhenging, det som er meint som ein positiv forsterkar for Knut, kan verte oppfatta som straff for Kari, og omvendt.
Forsterking vil ha mykje å seie for mi undervisning, først og fremst kjem eg til å bruke tid på å verte godt kjent med elevane, dette for å setje meg inn i kva som kan verte nytta som positive forserkarar for kvar einskild. Sosial forsterkning kjem til å vere vektlagt med stor tyngde i form av mykje merksemd til den einskilde, og konkret ros for gode løysingar og framifrå åtferd. Samstundes kjem eg til å kartlegge kva som kan verte nytta som kollektiv ”gulrot” i forhold til ”premacks prinsipp”.

Straff
Straff kan definerast som ”enhver hendelse som etterfølger en handling, og som gjør det mindre sannsynlig at denne handlinga vil gjenta seg” (Mangler et al., 2013;222). Straff kan blant anna vere noko som oppfattast som ubehagelig, eller at noko positivt vert fjerna.  
Eg har ikkje funne noko om fysisk straff i pensumlitteraturen til dette studiet, men eg velgjer å setje oppgåva i eit globalt og historisk perspektiv for å vise differensiert pedagogisk praksis i vår samtid. I verste tilfelle er eksempel på bruk av straff, fysisk. Som eg nemnde i innleiinga, slo rektor på praksisskulen min i Zambia elevar som ikkje oppførte seg, med eit plastrør. I Noreg vart såkalla ”prylestraff” i skulen forbode ved lov i 1935 og 1936 (Aukrust, 2009). Skinner (1953) åtvara mot bruk av straff, han meina at forsterking var ein meir effektiv verkemiddel til åtferdsendring.
Med tanke på mi undervisning er eg samd med Skinner om at bruk av straff er uheldig, eg kjem i mi undervisning til å fokusere på forsterking av ønskja åtferd. I nokre tilfeller kjem straff til å verte nytta, i form av at noko positivt vert fjerna, som ein kosetime eller liknande.

Oppsummering
Operant betinging er ein teori som byggjer på at åtferd kan endrast på grunn av at responsen som følgjer etter ei handling. Forsterking er ein måte å auke sannsynet for at åtferd vert gjenteken, straff er ein måte å minske sannsynet for gjentaking. Skinner meinar at forsterking av ønska åtferd er det beste, det er også mi erfaring.
For mi undervisning kjem operant betinging til å ha mykje å seie, eg kjem til å bruke mykje forsterking i form av ros og positiv merksemd av ønska åtferd. Sjølv dei mest utagerande elevane utfører positive handlingar, då skal eg forsterke desse og byggje vidare på det dei meistrar.

Kjelder:
Aukrust, M. (2009, 14 februar). Det store norske leksikon.

Lillejord, S., Manger, T., Nordahl, T. (2013). Livet i Skolen 2. Grunnbok i pedagogikk og elevkunnskap: Lærerprofesjonalitet. Bergen, Fagbokforlaget. 2 utg.

Mangler, T., Lillejord, S., Nordahl, T., Helland, T. (2013). Livet i Skolen 1. Grunnbok i pedagogikk og elevkunnskap: Undervisning og læring. Bergen, Fagbokforlaget. 2 utg.

Skinner, B.F. (1953). Science and Human Behavior. New York, Macmillan Publishing Co., Inc.


3 kommentarer:

  1. Hei Mikael!

    Du har skrevet et godt faglig blogginnlegg; du har satt deg godt inn i Skinners teori om operant betinging og du forklarer også godt de ulike faglige begrepene.
    Du viser god bruk av kilder og du er flink til å drøfte og trekke inn dine egne erfaringer og tanker i teksten, i forhold til hvordan du selv ønsker å praktisere teorien i undervisningen din. Dette er bra fordi det viser at du ser sammenhenger mellom teori og praksis.

    Flott at du setter det hele i et globalt og historisk perspektiv da du trekker inn din erfaring fra skolen i Zambia, og at du bruker konkrete eksempler i oppgaven din.

    Du skriver i innlegget (under ”Operant betinging) at du har positive erfaringer med denne teorien fra barnehagen. Jeg synes det hadde vært interessant å høre litt mer fra dette, og generelt litt mer om konsekvensene ved bruk av denne teorien, og gjerne om du tror det er noe som er aktuelt for alle klassetrinn i skolen.

    Mvh Sonja Thingbø

    SvarSlett
  2. Du har skrive ein interessant og informativ blogg om B. F. Skinner og operant betinging, spesielt liker eg at du har så interessante og konkrete eksempel frå di eiga erfaring. Eg tenkjer då på den utdaterte prylestraffa du fortel om frå din studietur i Zambia. Det å ta vekk ei forsterking er ein mykje meir adekvat reaksjon i dagens skule. Det er og spanande å høyre om korleis du aktivt vil bruke forsterking i di lærargjerning. Å kartlegge det kvar og ein elev oppfattar som forsterking kan nok vere tidkrevande i ein hektisk skulekvardag, men det er sikkert noko ein kjem til å tjene på i det långe løp.
    Skulle det vore noko som eg saknar i teksten din, måtte det vere litt meir info om korleis Skinner kom fram til dei teoriane du nevner.

    SvarSlett
  3. Først ønskjer eg å takke medstudentane mine for fine ord, og konstruktive framovermeldingar på blogginnlegget mitt om teorien operant betinging av B.F. Skinner.

    På bakgrunn av tilbakemeldingane skal eg no skrive eit sluttinnlegg. Hovudsakleg kjem eg til å skrive litt meir om korleis Skinner kom fram til teorien, samt eksemplifisere korleis eg har praktisert teorien, samt om er trur teorien er aktuell for alle klassetrinn.

    Korleis kom Skinner fram til teorien? Utgangspunktet, var hans interesse for psykologi etter å ha lese bøkene til Watson og Pavlov, samt ein publikasjon av Edward Thorndikes (Mangler et al., 2013;216). Han brukte denne teorien som springbrett og utgangspunkt for si forsking, og kom fram til teorien operant betinging. Han ønskja å finne ut korleis åtferd kunne formast ved at handling vart følgd opp med respons. Skinner forska på dyr, og «tilpasset sine funn hos dyr til læring hos mennesker» (Mangler et al., 2013;222). Skinnerboksen er eit eksempel på verktøy som vart nytta i forskinga, typiske dyr han forska på var duer og rotter. Dei vart plassert i skinnerboksen, og dyra oppnådde «ønsket konsekvens (mat) ved å avgi responser (trykk på hendelen, hakking på skiven)» (Svartdal, 2009). Responsane vart med andre ord forsterka, og dermed auka frekvensen på den forsterka åtferda.

    Mi erfaring med bruk av teorien er primært frå jobb som pedagogisk leiar i barnehage, der jobbaeg tett saman med spesialpedagog, blant anna med barn med utagerande åtferd. Prinsippet vi gjekk ut ifrå, er det same som Mangler et al. (2013;224) skisserer; «Selv elever som viser alvorlige atferdsproblemer, oppfører seg innimellom bra…». Det var nettopp i situasjonar der barna oppførte seg bra, at vi rosa barna i form av positive tilbakemelding på den ønska åtferda, slik at åtferda skulle verte forsterka og gjenteke.

    Eit anna eksempel er for eksempel når eit barn slår eit anna barn med ein spade, i staden for å straffe barnet, så sa vi heller kva barnet kan bruke spaden til. Dette fordi «straffen ikke sier noe om hva eleven skal gjøre for å forbedre seg» (Mangler et al., 2013;223).
    Eit eksempel på forsterking av uønska åtferd kan vere greitt å ha med,for å skjønne forskjellen. Eit barn klatrar opp på taket, sjølv om barnet veit at dette ikkje er lov, der byrjar barnet å danse og rope, barn samlar seg og vaksne kjem til, dei vaksne ropar «kom ned, kom ned!». Barnet på taket kan oppfatte dette som kjempe kjekt med all merksemda (forsterkar), skjer dette mange gangar er det sannsynleg at åtferda er styrkja og vert gjenteke.

    Etter mitt syn er teorien, med forsterking som hovudfokus og minimal bruk av straff, noko som kan nyttast på alle alderstrinn. Det som etter mi erfaring er viktigast, er å ta høgde for at folk er forskjellige, det som er ein forsterkar for Kari, kan verte oppfatta som straff for Knut. Det å kjenne elevane er essensielt, og med det finne ut kva som er forsterkar for den einskilde elev.

    Kjelder:
    Mangler, T., Lillejord, S., Nordahl, T., Helland, T. (2013). Livet i Skolen 1. Grunnbok i pedagogikk og elevkunnskap: Undervisning og læring. Bergen: Fagbokforlaget. 2 utg.
    Svartdal, F. (2009, 14 februar). Det store norske leksikon: Betinging.
    Henta frå https://snl.no/betinging

    SvarSlett