torsdag 15. september 2011

To veker; som Venus og Mars. Velkommen til Frankrike.


No er eg 2 veker ut i frankrike- eventyret mitt. Det er 3 månader og 3 veker av mitt liv eg har via til å lære det franske språket og kuluren, (retting;) kulturane å kjenne. Ei oppleving utan sidestykke.
Her kjem mine brutale tankar, satt på høgkant med eit kritisk blikk!

Første dagane vart via til det pompøse, lukseriøse overklasse bylivet med min søster i Avignon. Det alt er på pletten i eit stramt tidsskjema, samstundes med mykje spelerom då ein i det høgmoderne samfunn skal vere sin eigen sjef som sjølv bestem om arbeidsdagen startar klokka 7 eller 11. Der består den daglige agendaen av å kjøyre fancy Range Rover Sport, ta opera-sangtimar på tidspukt når Jean Fransoar (Ola Nordmann) må jobbe for livets opphold. Vidare rushe innom nokre pasientar slik at vaskedama, bassenget og rasehunden kan få nokre euro slik at dei har til livets opphold. For så å knuse ei vinflaske av beste sort, «berre» fordi ein kan, for så å opne ei til, snurre grassiøst på vinglaset (som sjølvsagt er krystall av ypperste kvalitet) nippe i vinen og sei: Hmmm, den var god!


 


Begge er under opplering!

Middag


Ei forsinka og trøblete togreise unna har vi ei annan planet, riktignok i samme land. Trøblete i form av 2 mennesker som prøvar seg på noko som kan minne om kommunikasjon, men ingen av dei 2 menneska skjønnar eit kløyva ord av kva det andre mennesket snakkar om. Men med språkyndig søster i Avignon vart det ei ordning. Og vips var ein utanfor Varbe, som består av eit par hus man har passert før man veit at man har vert i ein landsby i det heile, 2,5 time køyretur vest for Touluse. Dette er ein unik plass, verda rundt kan dette saman, finanskrise ta strupetak på verdsøkonomien og ingen her vil merke forskjellen. Egga poppar ut av hønene som flaksar om kapp med endene, bur-duene, harane, muldvarpane, melkesauene, hundane og for ikkje å snakke om dei fransktalane bøndene når ein suser gjennom eit kva som helst slags gårdstun i ein bil som må trillast igang for kvar bruk. I dashbordet er dei viktigaste varsellampane synelege, resten er dekka med støv, gammalt høy og anna gårdsavfall. Nett som lansbylivet generellt, verdsproblema er ikkje å skimte, spørsmålet er: kva for et dyr skal vi slakte til middag idag? Høna som berre flaksar med eine vinga kanskje....?? ja, den tar vi! Så tar vi litt av grønsakene årstida har å tilby, samt «Rockefort» osten som naboen produserar, samt ein halvmeter med tørr bagett. Vips har man 6 rettar, Bon Appetit! Smaken er upåklageleg og ein veit at det er kortreist mat når man kan knipse råvarene tilbake der dei kom frå om det ikkje fell i smak. Folk her på bygda er litt som min far, det treng heller ikkje å vere dialog (to vegs) for at ein franskmann skal ordlegge alt som på hjartet ligg. Eg gamblar rått på at eg ein vakker dag våknar og skjønnar kva dei sei! Fransk radio i form av FM og franskmenn har prata hol i hovudet mitt allerede, tur-retur, men for kvar dag som går, svelg språkøyret eit ord eller fire, så eg vonar den vakre dagen ikkje er mange veker unna.
Verdas lengste bru, 2,5km lang.  Millaubrua!

På gjensyn/ A bientòt.

1 kommentar:

  1. Snakka vi pendelhopp der eller ? Ser ut som du hygger deg, gleder meg til neste innlegg frå landsbygda.
    A bientòt
    Asbjørn

    SvarSlett