tirsdag 15. mars 2011

Å vere født i Norge er som å vinne Jackpott i Lotto, men premien har bismak når man møter dei som ikkje vannt!



Når man ser på statistikk som seier at 70 % av den Zambiske befolkning lever under fattigdomsgrensa, løfter man litt på augnebryna og tenker at det er jo forferdeleg. Dei siste 4 vekene i praksis har eg blitt kjennt med mange dresskledde kvinner og menn som smiler, spøkar, ler og utstråler meir livsglede enn ein gjennomsnitleg Nordmann. Nokre av desse er folk eg har tilbrakt mange timar med kvar dag, blitt god venn med og vorte gla i. Dei siste dagane i praksis hadde eg vorte så forstroleg med nokre at dei opna seg og fortalte meg kva som skjulte seg bak desse tilsynelatande knirkefri fasadene. Eine læraren på skulen jobbar gratis, men har ein amerikansk donor som gir han 300 000 kwatsha (ca. 340 kr) i månaden. Dette er det han, kona og deira to barn har å livnære seg på. Dette er nok til nokre maismelsekkar, så dei kan ete det som tilsvarar havregraut til alle måltid. I ein problemfri kvardag utan ekstrautgifter er dette frykteli lite, men kva da om nokon vert sjuke? Nettop dette var tilfelle no, eine dattera var sjuk på grunn av edderkoppbitt. Så då går noko av dei usle 340 kronene til medisin og legebesøk, som i praksis vil sei at dei kanskje må kutte ut eit måltid om dagen og legge seg svoltne. I desember er det slutt på denne måndtlige donasjonen, for då har de gått tre år sidan han var ferdig utdanna og då burde han i følge donoren ha fått seg betalt jobb som lærar. Eg såg livsgnisten blasst forsvannt fra auga hans då han sa at de ofte går 10 år før lærarar får jobb etter endt utdanning, og han spurte meg kva han då kunne gjere utan pengar i desember. Dette er lang fra dei verste levekåra ein finn her nede, men når man får høyre at ein «kollega» har det slik vart eg litt satt ut og klarte ikkje å få ut eit ord på vegen heim utan å bryte ut i tårer. Å leve i ei slik uvisse verkar grufullt, for kva skal ein gjere den dagen ein som mann (og dermed forsørgar for familien i denne kulturen) står der svolten og ikkje har pengar til mat eller medisin å gi sine sjuke barn og kona?? Han prøvte å spøke de heile vekk i slutten av samtalen med å seie at han var den beste syklisten i område, at alle fryktar han i sykkelløp. Han snakka mykje om kor stolt han var av den rosa gamle racingsykkelen sin. Og i slutten av denne månaden skal han delta i sykkelløp der vinnaren får 120 kroner som kan komme godt med på det tynnslitte budsjettet. Han fortalte vidare at det er hungersnød i lokalsamfunnet i Simonga om dagen, maisrasjonane er tilnærma tomme og det er endå ei stund til nest avling er klar for høsting. Så maisgrautmåltidet elevane ved skulen får til lunsj, kan no vere det einaste måltidet mange av elevane får i løpet av dagen.
 
Vidare var min kontaktlærar slått ut av malaria dei siste dagane eg var i Simonga på praksis, han var ikkje til å kjenne igjen der han låg heime og mumla kor sliten han var. Eg var på besøk heime med han (8 meter fra skulen) og såg til han, kjøpte masse juice, sjokolade og reint vatten til han som han vart veldig gla for. Og hadde ein mattetime for 9 klasse han skulla hatt den fredagen, denne gangen mutters aleine med 40 elevar som alle skulle ha retting og helst ein kommentar på oppgavene eg ga dei underveis i timen. «Sir. Makoa is tired» sa dei i slutten av timen når alle kasta bøkene sine på meg og skulle ha retting, som betyr at «Sir. Kvit og rik er sliten», og de var han jammen de! Og aldri så lite klisjvåt av svette der eg sto anstendi kledd i kvit skjorte, dressbukse og dresssko. Etter dette for vi noko impulsivt å leigde firehjulinga og fresa rundt i jørma rett etter eit lita regnbye. Kjekt!

No har vi hatt ei veke med Zambisk bryllup, kvinnedagtog, oppgåveskrivin og forelesing om helse, kultur etc. på kveldstid. Dessutan lapskauslaging til faglærar og studieleder i Sogndal som kom på besøk. Samt guide studeiledar blandt apekattar og andre turistar i Victoria Falls. Så fekk eg hvertfall brukt friluftsutdanninga, og SB Uteskule lapskaustilmangeerfaringa til noko...


Denne veka har eg byrja på praksis igjen, denne gang i Livingstone. To veker med to dagar på Holycross Basic School og to dagar på Vision Pre- og Basic school kvar veke. To dagar er unnagjort på Holycross og første dagen vart eg vist rundt og er plutseleg utdanna «Physical Education teacher». Igår fekk eg stokka litt om på timeplanen til 8 og 9 klasse, sånn at eg idag kunne ha 2 timar med PE, dvs. gym. Han lurte på om eg ville ha fotball eller volleyball med ein ball på 50 elevar, men då foreslo eg Capoeira, som eg lærte i Brasil. Capoeira hadde han aldri hørt om før, men var kjempe gira på at de måtte gjennomførast. Så eg kjørte på idag med capoeiraundervisning for to klassetrinn med totalt 100 elevar. Utfordrande, men ufatteli artig. Det gjekk veldig greit og dei lærte raskare enn eg meina vi gjorde første timen i Brasil, neste veke skal eg ta dei eit steg vidare i Capoeiraferdighetar, før eg forlet dei til å fortsette med rumperistinga som dei ellers blir opplært i. Det er faktisk sannt at dei lærer korleis ein skal riste på rumpa, det vart observert på førskulen i Simonga, læraren sto å rista på rumpa og alle ungane ned til 2 år herma med intens innlevelse.

For øvrig blei eg tilbydt ei søt dame til kone,ei som var i norge i fjor med Global Knowledge og som er lærar på skulen eg no er på. Brudeprisen gjekk på ambud for 5000 USD. For dåkke som ikkje viste det, så kan man ikkje berre gifte seg her nede. Bruda må kjøpast av foreldra som takk for at dei har opdratt ho på ein (forhåpentligvis) bra måte, dvs. (i følge denne kuluren) lært ho å ta seg av hus og heim i form av å vaske hus og kle og å lage mat. 

Mikael`s på Kanten Spalte
To innlegg sida, så sto eg på kanten av stupet.
Sist innlegg gjekk eg eit skritt fram.
Ka meir treng eg å sei......








Saluuuuuuuuut fra Afrika!

3 kommentarer:

  1. Sterkt møte ved virkeligheten, flott att du dele på bloggen din !
    Take care Makoa
    Mvh A

    SvarSlett
  2. Jau dette var interessant.. Ikkje lett å møte røyndomen i afrika. Ellers syns eg du bør prute på dama, og forøvrig forsikre deg om at ho også kan hesjing og diverse til gardsarbeid i Remmedalen..

    SvarSlett
  3. Takkar for kommentarar! Skal ikkje betale for noke dame sa eg til alle lærarane på skulen, for man betalar for ting i butikken, man betalar ikkje for mennesker, det blir som å behandle kvinner som objekt og ikkje eit likeverdig skapning! Alle var enige og spurte kvarandre kvifor dei egentleg betalar brudepris her.

    SvarSlett