Liten tidsbegrepsoppklaring:
10 min i zambia = 1 til 1,5 norsk time
Vis ein har ein avtale....
this afternoon = kanskje imåra kveld eller ikkje i de heile tatt
tomorrow = tidligast om ei veke
Ja, når tidsrammene er fastlagt er de jo berre å fyre laus med historiar om dyr man helst møter i dyrepark og innelåst i bur. For eksempel den Zambesiske spyttande Kobraen som smaug seg 20 cm fra mine bare føter ut fra badet i stråhytta. Slangen gjekk i dekning under ein koffert, størrelsen på beistet er ikkje noko å skryte av, men tv kanalen «Animal Planet» har lært meg at det er slangeungar som er dei giftigast på grunn av at dei skal ha noko å stille opp mot større og sterkare medslangar.
Så veit dykk de! Eg fekk ikkje panikk før eg sa fra til dei tre jentene her, dei var særs flinke til å få meg til å skjønne at då kan de jo vere slangar i senga og, og i putetrekket, og i skoen, og i hjørna i dusjen, og kanskje under kjøleskapet, og under vasken, og då har ein det gåande. Hypokonder må ein ikkje verta, men etter gjenntatte funn av 10 cm med 1000 beinar med klo som ein krabbe på puta ved leggetid, og edderkoppar av varierande storleik så har eg sjekka litt ekstra før eg hoppar i dusjen eller legg meg på puta om kvelden. Men ein må berre finne seg i at det er ville dyr her i Afrika! Vi bur ved grensa til eit naturreservat, så mangel på små og store kryp er det ikkje.
Praksis ved Simonga Basic School
Første dag vart vi møtt av ein koseleg rektor som snakka om kor mykje vi skulle lære av dei og at vi skal lære vekk til dei. Resten av veka var eg vaktmester som fiksa (spikka, skrudde, snekra, saga lima) nokre gamle skap. Med min norske effektivitet vart eg sett på som uhøfleg trur eg, for alle sa at eg var så «busy» heile tida, med oppgavene eg hadde fått. Men eg skjønnte etter nokre dagar at dette er eit samfunn i sirup, har du lyst til å berre stå å småprate med ein lærar i en time så gjer ein det. Fikse ting som detter fra kvarandre kan ein tydeligvis ta igjen seinare. Så da er det jo heilt fantastisk kor lite ein kan får gjort på 4 timar på «jobb» kvar dag om ein skal vere så innefektiv som eg har fått intrykk av at mange her er. Men siste dagen i veka vart eg utfordra til å ha mattetime for 8 klasse. Dagen før hadde eg vert i ein mattetime så eg skjønnte hvertfall litt kva de gjekk i. Eg fekk vete tema for timen og fekk ein halvtime å sette meg inn i stoffet, og kom til klasserommet der alle reiste seg og helste høfleg: «Good morning, teacher». Timen gjekk meget bra vil eg sei, ved denne skulen er det mykje dialog og aktive elevar. Dei svarar på spørsmål, er meget lærevillige og viktigst av alt meget takknemlege for å ha råd til skulegang i de heile.


Mikaels På Kanten spalte:

Med stor fare for å trakke i salaten vågar eg meg på ein open refleksjon kring folk eg har møtt her i Zambia så langt. Det er og har vert mange «Mosoongos» (kvite og rike) i dette landet som har gjort mykje for å hjelpe til med å bygge og finasiere skular osv. Og arrester meg gjerne om dette er heilt på vidda, men intrykket mitt er at mange zambiarar berre sitt å ventar på meir hjelp. Eit ordtak seier: Ikkje gje meg en fisk, lær meg heller å fiske. Metoforisk talt så virkar det som at dei kvite som har vert her har gitt zambiarane fisk og berre lært dei litt å fiske. Det går ikkje ann å lære litt å fiske! Kvifor skal dei dessutan fiske sjølv? Når dei ganske sikkert veit at det kjem fleire forsyningar. På skulen får alle elevane maisgraut til lunsj, den saman med alt anna på skulen er finansiert av nokon danskar. Dette i form av ein kontainer med «maisgrautpulver», og kjøp av skulepultar, lærebøker og alt ein treng på ein skule. Men dette er jo å gi nokon fisk, er det vel ikkje? Samtidig er lærarane stolte over nokre små maisårkar dei har fått finansiert. Potensialet til åkrane er mykje større, mykje land som tydelig har vert dyrka ting på før gror igjen, nett som i norge. Kvifor ikkje dyrke opp store kvantum slik at skulen er sjølvforsynt med mais? Og då la skulen bygge seg sjølv utan at eksterne partar må spytte inn pengar for at skulen skal klare å holde seg sjølv på beina. Mitt spørsmål er: Er dette å lære folket her å fiske eller er det å gi dei fisk?
Håper ikkje for mange har vonde tær etter denne lille tankeverksemda mi. Røynda talar fra levera, over og ut fra hjertet av Afrika.
Bilder kjem når nettet tilseier at det kan gå!