Mål for turen:
- Bli trygg på egen ferdighet med klatring på led på borebolter
- Oppfølging og veiledning av medstudenter på klatrefeltet
- Lærerike studenttema (eksamensforberedelse)
- Individuell oppfølging på egne mål med oppholdet i Frankrike
- Bli kjent med ulike kommersielle måter å legge opp klatrevirksomhet
- Opplevelse
Forventingar
Forventingane er enorme, eg ser fram til ei mengde utfordringar i klatreveggen og generellt mykje klatring. Pakkinga er unnagjort og baggasjen er passe tung. Det er i underkant av seks timar til avreise fra Sogndal, då bær det til Toten for ein matbit hos familien til Daria og så til Gardermoen. Vi kjem til Nice ikveld og har booka plass og bu for to netter før det er oppmøte på flyplassen og resten av klassa kjem flygande.
No må eg få eit par timar søvn før tre fantastiske veker i Frankrike! Gler meg som ein unge..
fredag 15. oktober 2010
Veg- gledartur
Mål for turen:
- Basisfriluftsliv med fokus på veivalg og bruk av kart og kompass
- Leirliv med gapahuk, bålbrenning og enkel gourmeturmat basert på lokale råvarer
- Quiz for å få repetert måla for turen
- Fisking
-Topptur på Storehaugmelen
| Kjempegjengen på 9 og ein hund |
| Symbol på ovenfra og ned mentaliteten opp bakkane, her er det eg og Thomas som bestemmer! |
Når vi kom til planlagt "camp" vart det ei lite rollebytte då nokre som ikkje hadde laga gapahuk vart utfordra til å bygge dagens le for eventuellt vær. Dette skjedde etter ei lita idemyldring kring kva som kan vere kjekt å ta hensyn til før valg av plass og kvar det var mest sannsynleg at vind og vær kunne komme fra. Vedsanking var også ein aktivitet studentane fekk bryne seg på, og skal ein ha ein skikkelig lang og varm kveld rundt bålet er det ikkje nok med småkvist...
| Ida lagar felleskur, gutta står bak og trøstar det lidande treet. |
| To slike tre-punktstøtter i framkant av gapahuken og ein stokk mellom desse funka fjell! |
Etter mykje improvisasjon og læring vart gapahuken fin, kjempebålet varma nesten for voldsomt, lapskausen vart knallgod og Ida diska opp med dessert, lappar med nugatti (anbefalast på det varmaste). Som sagt var stressfaktoren strippa til det minimale på denne turen og gruppa ga utrykk for at dette var midt i blinken i evalueringa vi hadde rundt morgenbålet siste dagen. Sjølv om det ikkje alle alle oppsatte mål for turen vart infridd, då tenker eg på Store Haugmelen grunna tåke, og ingen fisking fordi ingen tok med stang.
Allt i allt ein topp tur, som mottoet for turen var: På tur med Myklis og Kjølbis blir det alltid sol!
| Morgenbål og sol etter ei god natts søvn er slett ikkje feil. |
Abonner på:
Kommentarer (Atom)