lørdag 1. november 2014

Operant Betinging av B. F. Skinner

I dette innlegget kjem eg til å presentere ein teori om lærings- og motivasjonssyn av den amerikanske psykologen Burrhus Fredrich Skinner (1904-1990). Skinner var ein pioner på mange områder når han utvikla denne teorien innan eksperimentell psykologi og radikal behaviorisme. Teorien eg har vald er operant betinging, i korte trekk dreier teorien seg om at åtferd kan endrast ved hjelp av respons, helst i form av forsterking
(Manger, Lillejord, Nordahl & Helland, 2013;215). Teorien skal eg drøfte i lys av kva følgjer perspektivet kjem til å ha for mi undervisning.
Først eit lite bakteppe, kvifor velgjer eg akkurat behaviorisme og Skinner? Jo, det er først og fremst fordi eg synes det er fascinerande at teoriar kring åtferdskorrigering, som er utarbeida i det førre hundretåret, kan brukast som pedagogisk praksis i det 21-århundret. Vidare har eg erfart og jobba konkret med Skinners teori kring åtferdskorrigering som pedagog i barnehage, og sett positiv effekten av metoden hjå barn med utagerande åtferd. På den andre sida har eg også sett baksida av medaljen, gjennom lærarpraksis i Zambia såg eg bruk av straff i form av at rektor slo elevar, som ein respons på uønska åtferd.

Operant betinging
Ifølge Manger et al. (2013;215) dreier operant betinging seg om ”atferd (handling eller respons) hvor konsekvensen av atferden påvirker sannsynligheten for at atferden gjentar seg”. Eit eksempel kan vere ein elev som utfører ei gitt oppgåve i timen (handling), og responsen er ros frå læraren, sett at eleven set pris på få ros frå læraren, så aukar sannsynet for at handlinga vert gjenteken. Dersom den same eleven derimot ikkje får ein slik respons (ros), er sjansen mindre for at handlinga gjentek seg. Mangler et al. (2013;215) meinar altså at ”en operant atferd er en atferd som ”opererer” eller virker på omgivelsene”.
Elevar utfører utallige handlingar dagleg, nokre handlingar får konsekvensar (positive eller negative), medan andre handlingar får ingen konsekvensar. Som lærar vil eg då gjere mitt yttarste for at  positiv åtferd vert rosa så hyppig som overhovudet mogeleg. Samstundes vere konsekvent på kva som får positiv respons, og kva som ikkje får respons. Gjennom å observere skuletimar og som pedagog i barnehage har eg sett at mange elevar og barn som får forsterka får positiv respons på uønska åtferd. Eksempelvis at ein elev kunn sparkar ballen med føta i volleballtimen, og lærar rosar eleven når timen sluttar.

Forsterkning
Forsterkning kan vert definert som ”den hendelsen som etterfølger en handling og øker sannasynligheten for at handlinga gjenntar seg” (Lillejord, Manger & Nordahl, 2013;139).  Forsterkning kan deles i to; materiell forsterkning i form av karakterar og liknande eller sosial forsterkning i form av  merksemd og ros. Forsterkning er eit veldig sentralt del av Skinner sin teori om operant betinging. Positiv forsterkar er noko som eleven oppfattar som positivt, negativ forsterkar er at noko ubehagelig vert teke bort. Ei form for positiv forserking vert kalla for ”Premacks prinsipp” (Mangler et al., 2013;219), prinsippet går ut på at åtferd som eleven likar å gjere, vert brukt som ”lokkemat” for å få eleven til å gjere det eleven mislikar. Eit eksempel på dette prinsippet er ein elev som ikkje ønskjer å gjere lekser i ein arbeidstime, og læraren sei at han kan få høyre på musikk (gitt at dette er ønskjeleg) etter å ha løyst den gitte oppgåva. Forsterkarar er personavhenging, det som er meint som ein positiv forsterkar for Knut, kan verte oppfatta som straff for Kari, og omvendt.
Forsterking vil ha mykje å seie for mi undervisning, først og fremst kjem eg til å bruke tid på å verte godt kjent med elevane, dette for å setje meg inn i kva som kan verte nytta som positive forserkarar for kvar einskild. Sosial forsterkning kjem til å vere vektlagt med stor tyngde i form av mykje merksemd til den einskilde, og konkret ros for gode løysingar og framifrå åtferd. Samstundes kjem eg til å kartlegge kva som kan verte nytta som kollektiv ”gulrot” i forhold til ”premacks prinsipp”.

Straff
Straff kan definerast som ”enhver hendelse som etterfølger en handling, og som gjør det mindre sannsynlig at denne handlinga vil gjenta seg” (Mangler et al., 2013;222). Straff kan blant anna vere noko som oppfattast som ubehagelig, eller at noko positivt vert fjerna.  
Eg har ikkje funne noko om fysisk straff i pensumlitteraturen til dette studiet, men eg velgjer å setje oppgåva i eit globalt og historisk perspektiv for å vise differensiert pedagogisk praksis i vår samtid. I verste tilfelle er eksempel på bruk av straff, fysisk. Som eg nemnde i innleiinga, slo rektor på praksisskulen min i Zambia elevar som ikkje oppførte seg, med eit plastrør. I Noreg vart såkalla ”prylestraff” i skulen forbode ved lov i 1935 og 1936 (Aukrust, 2009). Skinner (1953) åtvara mot bruk av straff, han meina at forsterking var ein meir effektiv verkemiddel til åtferdsendring.
Med tanke på mi undervisning er eg samd med Skinner om at bruk av straff er uheldig, eg kjem i mi undervisning til å fokusere på forsterking av ønskja åtferd. I nokre tilfeller kjem straff til å verte nytta, i form av at noko positivt vert fjerna, som ein kosetime eller liknande.

Oppsummering
Operant betinging er ein teori som byggjer på at åtferd kan endrast på grunn av at responsen som følgjer etter ei handling. Forsterking er ein måte å auke sannsynet for at åtferd vert gjenteken, straff er ein måte å minske sannsynet for gjentaking. Skinner meinar at forsterking av ønska åtferd er det beste, det er også mi erfaring.
For mi undervisning kjem operant betinging til å ha mykje å seie, eg kjem til å bruke mykje forsterking i form av ros og positiv merksemd av ønska åtferd. Sjølv dei mest utagerande elevane utfører positive handlingar, då skal eg forsterke desse og byggje vidare på det dei meistrar.

Kjelder:
Aukrust, M. (2009, 14 februar). Det store norske leksikon.

Lillejord, S., Manger, T., Nordahl, T. (2013). Livet i Skolen 2. Grunnbok i pedagogikk og elevkunnskap: Lærerprofesjonalitet. Bergen, Fagbokforlaget. 2 utg.

Mangler, T., Lillejord, S., Nordahl, T., Helland, T. (2013). Livet i Skolen 1. Grunnbok i pedagogikk og elevkunnskap: Undervisning og læring. Bergen, Fagbokforlaget. 2 utg.

Skinner, B.F. (1953). Science and Human Behavior. New York, Macmillan Publishing Co., Inc.