Først bar det til Lusaka som er hovudstaden i Zambia, dette er ein 7 timar busstur i seter som er markant smalare en skuldrane mine og rumpene til dei fleste zambiara, så midtgangane var godt utnytta fra begge sider i 5-seters rekkene i bussen. I tilleg til fulle seter og midtgang med mykje bagasje sto busssjåføren forran bussen og drakk ein øl før han satte seg bak rattet. To av oss fekk lettare panikk då vi også sjølv vart stua som bagasje inn i den overfyllte bussen og viste at den siste timen hadde vi vert på do tilsama 10 gangar, 5 ganga kvar. Overdeven tru på ørsmå kvite tablettar og norsk «rakettforskning» gjorde at magetablettane om ikkje hadde placeboeffekt på kroppane våre. Så de gjekk heldigvis bra, vi kom fram utan å bli totalt ydmyka. Men vi sleit med å komme oss ut av bussen, for der sto det ein bråte med overivringe taxisjåførar og pressa kvarandre opp i bussinngangen som noken ungar i godtekø. Her var de berre å ta rennefart og brøyte seg gjennom, og verkeleg blokke ut all masinga, for makan til masete folk har eg aldig opplevd. Lusaka er plassen å komme til om du vil bli fotfølgt av desperate folk som er ute etter pengane dine. 100 meter bestemt gange, uten blikkontakt og «STIKK AV!» på 7 forskjellige språk så var vi kvitt dei første diltarane.
Første møte med Tanzania var at folk var enda meir masete enn i Lusaka, og smartare... For etter å ha tatt ein katamaran i to timar ut til Stonetown i Zanzibar møtte vi ein skikkeleg gjeng med smartingar. Vi fekk taxi og han kjørte til ein bensinstasjon for å fylle, men der var ingen bensin, vi kom til ein anna bensinstasjon, fortsatt ingen bensin, og sjåføren ropte nokre uforståelege gloser igjen før han forklarte situasjonen. Ein bøling med lokale menn dreiv av og til «buisness» med å pumpe all bensinen på øya fra beninstasjonane i kanner og kar, dei stillte seg deretter 50 meter fra bensinstasjonen og sellte bensinen til blopris. Når man ser sånn startar man å skjønne kor gjennomsyra korrupt dette samfunnet er, fra topp til tå.
Gammal sjømat vond å vende
Matforgiftninghovudstaden Nungwe ligg nord på Zanzibar, her blir de tilbydt masse tvilsom sjømat i lavsessongen som er no. Ser veldi godt ut, smakar greit, men dei neste vekene veit man med seg sjølv og magen sin at de var langt fra fersk mat man fikk servert på sølvfat til blopris (til Tanzania å vere).
Ellers så var det mykje god mat òg, nydelege kvite strender, og varmt vatten. Var deilig å vere litt skikkeleg turist med mykje avslapping, snorkling, volleyball speling, bading på stranda og generellt ta livet med ro. Sitte å lese bok og sjå på stjernene om kveldane. Ein heil dag var vi på ein segltur til ei øy nord på Zanzibar, der vi snorkla og åt King Fish på stranda før vi segla nedigjen. Siste dagen var vi på delfinsafari heilt sør på øya. Dette var kjempestas. Vi fresa ut med ein liten båt og vips var det 10-15 delfinar rundt oss. Eg hoppa uti med snorkelutstyr på og var mutters aleine når ein einsam delfin kom til syne fra djupet. Den stirra meg i kvitauge mens den svømte rett mot meg, eg fikk lettare panikk før den en meter forran maska mi bestemte seg for å skifte retning og forsvant. Neste plass kom vi midt inni delfinflokken, og hadde delfinar 1- 1,5 meter fra meg i alle retningar, samt konturane til 10-15 delfinar rett under. Ein hoppa og landa så eg såg bruset i vatnet då den landa rett ved siden av meg. Så var det tilbake til fastlandet og hovudstaden i Tanzania, Dar es Salaam. Her vart det ei natt og ein rundtur med ein trehjulsmoped som viste oss hovudstaden fra gatennivå.
| Delfin i solnedgang |
No er det berre ein heildags safari i Botsvana, nokre dagar med oppgåveskriving og nokre siste dagar i Livingstone før vi vender nasa heim, skal nytast, så dette vart siste inlegg fra hjertet av Afrika.
Snakkes med ski og grovkorna maisnø under føta!